Fann 500 år gamal lysestake ved ein av Noregs eldste skular

13. september 2022

Det meste dei finn er øydelagt. Difor var det stor stas då ein heil lysestake dukka opp under utgraving ved Trondheim Katedralskole.

– Me har funne mange ulike ting. Det mest spesielle til no, er ein heil lysestake frå seinmellomalderen. Ofte finn me ting som har vore øydelagt, eller som er blitt øydelagt over tid i jorda.

Det seier Julian Cadamarteri.

Han er prosjektleiar, og ein av ni arkeologar som sidan juni har arbeida med utgravingar ved Trondheim Katedralskole – kor det snart skal renoveras og byggast nytt.

Men først må arkeologane leite etter strukturar og historiske spor i grunnen.

– Vi grev oss gjennom alle laga frå 1950-talet då det blei asfaltert, seier Cadamarteri.

Viktig å dokumentere

Lysestaken han viser fram er frå 1400- eller 1500-talet, og er eitt av fleire funn som er gjort ved ein av Noregs eldste skular.

Den har ei typisk framstilling av St. Kristoffer med stav og med jesusbarnet på skuldrene.

Arkeologen beskriv den som eksklusiv, og seier at den truleg var dyr.

– Men den kan godt ha kome frå katedralskulen, som hadde gudstenester og behov for lysestakar av denne typen, seier Cadamarteri.

Noko av det eldste arkeologane har funne til no, er ein mynt. Ein halv sølvmynt frå 900-talet eller tidleg 1000-talet, ifølge arkeologen.

Alle funn som er eldre enn frå år 1537, skal vere tilgjengelege for framtidig forsking på Vitenskapsmuseet i Trondheim.

Andre gjenstandar som er viktige, blir også teke vare på.

– Det er viktig å få dei dokumentert, sjølv om vi ikkje tek vare på alle gjenstandane. Viss vi ikkje gjer det, mistar vi alt saman.

Ein halv milliard

Det er renovering av Trondheim Katedralskole som er årsaka til dei arkeologiske undersøkingane som går føre seg no. Eit eldre bygg skal rivast, medan to nye skal byggjast.

Vegard Eitrem, prosjektleiar i Trøndelag Fylkeskommune, seier til NRK at det er vedtak i fylkestinget som bestemmer den økonomiske ramma og utforminga av prosjektet.

– Det som er så spesielt med dette prosjektet, er at det er ein av Noregs eldste skular, Trondheim Katedralskole, og at ein difor må ta ekstra omsyn til kulturminne og bygningsvern.

Eitrem beskriv at skulen har lange tradisjonar og gode resultat.

– No jobbar me med å finne balansen. Katedralskulen skal utvikle seg og bli ein skule som er like bra som andre skular i fylkeskommunen – når det kjem til det bygningsfysiske miljøet.

Det er Betonmast som er entreprenør for dette prosjektet. Dei jobbar saman med fylkeskommunen om ei skisse som skal vere ferdig i september. Desember er frist for levering av forprosjekt og nytt økonomisk estimat.

– Vi regner med å sette i gang med bygginga våren 2023. Så regner vi med 1,5 – 2 år med bygging frå og med då.

Totalramma for heile prosjektet ligg mellom 400–500 millionar.

Ikkje funne før no

At utgravingane kan stoppa den planlagde bygginga, er svært usannsynleg ifølge arkeologen. Arbeidet held fram ut september.

– Viss vi hadde funnet noko ekstremt og eksepsjonelt, måtte ein kanskje gjort nokon tilpassingar med tanke på bygget. Men det er svært lite sannsynleg at eit funn ville ha stoppa byggeprosessen, seier Cadamarteri.

Han viser fram blant anna eit vektlodd frå 1600-talet, ein gammal blyant i skifer og ei spelebrikke i kleberstein.

Men viktigare er det kanskje at dei har funne avfallsgroper som ser ut som dei er frå 1500-1600-tallet.

– Det finst eit kart av byen før bybrannen, og då er det teikna busetnad på den sørlege delen av det som i dag er skuleplass. Den gong gjekk det ein veg som kryssa over her, og det budde folk langs vegen.

Spor etter dette har aldri vore funne – før no.

– Dette er indisium på at vi er i nærleiken av busetnad. Ikkje akkurat der husa sto, men truleg i bakkant av eigendomane, seier Cadamarteri.

– Så får me sjå, når me held fram med arbeidet vårt vidare mot Nidarosdomen, om det kjem fram restar av bygningar som var her før bybrannen – og kanskje heilt tilbake til mellomalderen.

Vashti Braxton

Vashti Braxton er en erfaren teknolog og respektert forfatter innen feltet for fremvoksende teknologi. Med en doktorgrad i datavitenskap fra det anerkjente Massachusetts Institute of Technology (MIT), har hun en omfattende kunnskap om kunstig intelligens, blokkjede og nettsikkerhet. Vashti bygde opp sitt omdømme gjennom å tjene som Senior Tech Analyst hos Forte Omnitech, et globalt kjent teknologikonglomerat, i over et tiår. Her spilte hun en kritisk rolle i å lede innovative digitale initiativer. Hennes intrikate blanding av fengslende historiefortelling og dyp teknisk innsikt plasserer unikt arbeidet hennes i skjæringspunktet mellom teknologi og leseferdighet. Vashti fortsetter å utnytte hennes ekspertise og lidenskap i teknologi for å utvide forståelsen av komplekse teknikkbegreper i rekkevidden for både tekniske og ikke-tekniske lesere. I fritiden gir Vashti veiledning til unge kvinner som er interessert i å komme inn i teknologibransjen.

Languages

Don't Miss

A high-quality realistic image showing an unexpected surge in renewable energy production. This shows the revolution of green power, represented by solar panels and wind turbines suddenly working at full capacity, contributing to the energy grid. The background is dotted with different power generation sites, all humming with energy production, a highlight of the revolution in sustainable practices. No specific company name or logo is present in this image.

Uventet Økning: Xcel Energys Grønn Revolusjon

Xcel Energy, et ledende energiselskap, skaper bølger med et banebrytende
High-definition image of a trendy modern action camera device. A cutting-edge model which is compact and sleek, ideal for outdoor adventures and sports photography. It features a sturdy case, a large wide-angle lens at the front, and simple control buttons on the top. The branding of this hypothetical model is 'Lamax'. Please include a visible brand label on the design.

Oppdag Lamax: Den nye trenden innen actionkameraer

Glem de tradisjonelle actionkameraene – Lamax har introdusert en ny